Salsføresetnader
Her finn du vilkåra som gjeld for kjøp av billettar på nettsida til Hardanger og Voss museum.
Behandling av ordre
Ved gjennomført betaling vert billett sendt til oppgitt e-postadresse.
Alle besøkande må kunne vise gyldig billett eller medlemskap for å få tilgang til utstillingar eller arrangement.
Dersom billetten er kjøpt med rabatt (til dømes studentrabatt, medlemsrabatt eller annan rabatt), må du vise gyldig dokumentasjon saman med billetten.
Besøkande som kvalifiserar til gratis inngang der dette gjeld, må likevel løyse billett til kr 0,- /gratis for registrering og tilgang ved kontrollpunkt.
Angrerett og retur
Kjøp av billettar på nett vert ikkje refundert. Det er heller ikkje mogeleg å endre dato eller få tilgodelapp på kjøpte billettar. Skulle det vere feil med ordren din kan du kontakte oss på e-post. Ha med ordrenummer og kontaktinformasjon du nytta i bestillinga di.
Avlyste arrangement
Om arrangementet vert avlyst som følgje av forhold på arrangøren si side, vil kjøpar få informasjon per e-post. Musea vil i slike tilfelle tilby refusjon av billettbeløpet.
Medlemsvilkår
Desse vilkåra gjelde ordinære medlemskap/årskort ved musea Hardanger og Voss museum. Eventuelle samarbeidsavtalar kan ha eigne vilkår.
Betalt medlemskap vert ikkje refundert. Dette gjeld også gåvemedlemskap.
Registrering
-
Medlemskapet vert registrert på e-postadresse og telefonnummer.
-
Medlemmet er ansvarleg for å halde kontaktinformasjonen oppdatert.
Kommunikasjon
Ved kjøp av billettar eller medlemskap samtykker du til at me kan sende informasjon om medlemsfordelar, arrangement og relevante tilbod per e-post. Du kan når som helst reservere deg mot slik kommunikasjon.
Behandling av medlemsdata
Museet kan lagre og behandle opplysningar knytt til medlemskapet for administrasjon av fordelar, kampanjar og medlemskommunikasjon, i samsvar med gjeldande personvernreglar.
Endringar i vilkår
Hardanger og Voss museum forbeheld seg retten til å endre vilkåra for medlemsordninga eller avslutte ordninga. Vesentlege endringar vert varsla i rimeleg tid før dei trer i kraft.
Varigheit
Medlemskapet varer i eitt år frå kjøpsdato, dersom ikkje anna er opplyst.
Gåvemedlemskap varer i eitt år frå aktiveringsdato.