Om
Trolltunga har blitt ein Instagram-hit på nokre få år. Folk frå heile verda strøymer til Hardanger for å gå den ti timar lange turen. Journalist og forfattar Halvor Folgerø undersøker kva som skjer når nærmare 100 000 menneske har same turmål.
Det er også historia om knallhardt arbeid i barsk natur og tørrlagde fossefall. Området rundt Trolltunga gjekk gjennom ei ekstrem forvandling like etter 1900, og kraftutbygging og industri jaga vekk turistane.
No er ringen slutta i Odda. Turistane kjem i flokk og følgje, slik dei gjorde på 1800-talet. Kva gjer den nye turismen med det gamle industrisamfunnet og med naturen i området?
Halvor Folgerø (f 1967) er forfattar, musikar og journalist. Han er oppvaksen på Stord, bur i Bergen og har jobba i NRK i ei årrekkje. Dei seinare åra har han hatt eit stort gjennombrot som forfattar med levande skildringar frå vestlandet i bøkene; Vestlandsvegar og Fleire vestlandsvegar frå 2021 og 2022, og Ferjefolket frå 2024.
Føredraget hans startar 18:00 i Kulturnaustet ved Hardanger Fartøyvernsenter, og det vert høve til å kjøpa boka i etterkant. Inngangsbillett 125 kr, kan kjøpast nedanfor her eller i døra.
Bestill billettar
1
1
TAST INN REGISTRERINGNUMMER
Skriv inn detaljar
Skriv inn detaljer
Skriv inn detaljar
- Thursday, 12. November 2026 - Thursday, 12. November 2026
- 18:00 — 19:30
-
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger fartøyvernsenter
5600, Norheimsund
-
På grunn av begrenset sitteplass, ber vi deg avbryte minst 48 timer før et planlagt arrangement. Dette gir oss muligheten til å fylle arrangementet.
Du kan avbestille via telefon eller online her. - Avbestillinger gjort 7 dager eller mer i forkant av arrangementets dato, vil få 100% refusjon.
- Avbestillinger gjort innen 3 - 6 dager før arrangementets dato vil få et tillegs gebyr på 20%.
- Avbestillinger gjort innen 48 timer til arrangementet vil få et tillegs gebyr på 30%.