Om
Bli med på flettekurs i Kabuso! Deltakarane vil lære å splitte og tilverke materiale for hand og laga alt materiale til ein eigen korg. Korgmakar Hege Iren Aasdal som instruktør. Kurset går over 2 kveldar.
I Noreg har det tradisjonelt vore laga mange ulike typar korger av splitta material. Ein delte pinnar for å gjere dei smidige nok, og jamne nok til å flette med. Frå naturen si side er ingen pinnar like, så dei må tilverkast for å verte jamne og like nok til å kunne setja dei saman til ei korg. Denne tilverkinga gjerast for hand, med kniv og eventuelt ein høvel. Framgangsmåten er ganske lik sjølv om ein kan bruke mange forskjellige material.
Kurset går over 2 kveldar:
Onsdag 14. oktober kl. 17.30-21.30: Me lærer å splitta og tilverke materiala som skal nyttast i fletting for hand.
Torsdag 15. oktober kl. 17.30-21.30: Me flettar ei lita aktarkorg/eit bitutifat,
Maks 6 deltakarar.
Pris 1800,-
Materialar, kjeks og te/kaffi er inkludert i kursavgifta.
Påmelding ved kjøp av billett
Hege Iren Aasdal har sveinebrev som korgmakar og hadde i 2020-2023 eit stipendiat for Norsk Håndverksinstitutt. Ho brenn for å produsere korger direkte frå naturen rundt seg, og å vidareføre tradisjonar og kunnskap både om arbeide med materialar, og om fletteteknikkar. Aasdal deltar i utstillinga BØYGD som står i Kabuso.
Bestill billettar
1
TAST INN REGISTRERINGNUMMER
Skriv inn detaljer
Skriv inn detaljer
Skriv inn detaljer
- Wednesday, 14. October 2026 - Thursday, 15. October 2026
- 17:30 — 21:15
-
Kunsthuset Kabuso
Hardangerfjordvegen 626
5610, ØYSTESE
Norge
Norge
-
På grunn av begrenset sitteplass, ber vi deg avbryte minst 48 timer før et planlagt arrangement. Dette gir oss muligheten til å fylle arrangementet.
Du kan avbestille via telefon eller online her. - Avbestillinger gjort 7 dager eller mer i forkant av arrangementets dato, vil få 100% refusjon.
- Avbestillinger gjort innen 3 - 6 dager før arrangementets dato vil få et tillegs gebyr på 20%.
- Avbestillinger gjort innen 48 timer til arrangementet vil få et tillegs gebyr på 30%.