INFORMASJONSKAPSLER

Nettsiden inneholder cookies (informasjonskapsler), som er en tekstfil som tar vare på data og som inneholder informasjon. For å kunne bestille varer må du akseptere bruk av cookies. Formålet er å samle inn informasjon for å forbedre brukeropplevelsen, samt optimalisere innholdet for den enkelte bruker.

Vågespel - Røyster mellom to land

Arrangør: Kabuso

Dato: 21.10.2026

Om

Reidun Horvei – song og manusutvikling
Johanne Øvstebø Tvedten – forteljing
Inger-Kristine Riber – piano, komponist og manusutvikling
Katherine Jane Hanson – manusutvikling
Gunnstein Akselberg – innleiing

 

Røyster mellom to land er ei varm og gripande konsertframsyning om val, draumar, sakn og uthald.

Gjennom song, forteljing og levande historiske kjelder møter publikum kvinner frå Vestlandet som i perioden 1825–1925 reiste frå Noreg for å byggja seg eit nytt liv i Amerika.

Framsyninga tek oss med frå små vestlandsbygder via tronge lugarar på Atlanterhavet til dei første møta med eit ukjent kontinent. Me høyrer om avskil, arbeid, kjærleik, håp og mot – men òg om det som vart att heime.
Musikken og forteljingane vev saman historiske kjelder, brev, dagbøker og folkelege minne til ei levande sceneframsyning.

Med varme, humor og sterke augeblikk vert dei store utvandringshistoriene fortalde gjennom menneska som levde dei.
Kvar høyrer me eigentleg heime? Korleis ber me historia vidare? Desse spørsmåla kling gjennom heile framsyninga – og gjer forteljingane aktuelle også i vår eiga tid.

Røyster mellom to land er ei vidareutvikling av podkasten Vågespel, som hadde premiere på den internasjonale kvinnedagen i 2025 under utvandrarjubileet. Eitt år seinare vart forteljingane vidareførte til scena i denne konsertframsyninga, der song, musikk og forteljing møtest i eit nært møte med publikum.

Bestill billettar

Salget er avsluttet nå onsdag, 21 oktober 2026 kl.22:00
dager
  • Wednesday, 21. October 2026 - Wednesday, 21. October 2026
ganger
  • 13:00 — 14:00
Adresse
  • Kunsthuset Kabuso
    Hardangerfjordvegen 626
    5610, ØYSTESE

Aldersgruppe
Tilbakebetaling og avbestilling
  • På grunn av begrenset sitteplass, ber vi deg avbryte minst 48 timer før et planlagt arrangement. Dette gir oss muligheten til å fylle arrangementet.
    Du kan avbestille via telefon eller online her.
  • Avbestillinger gjort 7 dager eller mer i forkant av arrangementets dato, vil få 100% refusjon.
  • Avbestillinger gjort innen 3 - 6 dager før arrangementets dato vil få et tillegs gebyr på 20%.
  • Avbestillinger gjort innen 48 timer til arrangementet vil få et tillegs gebyr på 30%.